Beint á leiđarkerfi vefsins
Fara á forsíđu EURES

Laus störf

14.2.2011

Rĺdgjevar innanfor řkologisk hagebruk

Bioforsk er eit landsdekkande forskingsinstitutt med hovudfokus på trygg matproduksjon, reint miljø og auka verdiskaping. Instituttet legg vekt på ei langsiktig ressursforvalting, internasjonalisering og brei kontakt med brukarar og kundar. Bioforsk er til stades i alle landsdelar med om lag 460 medarbeidarar. Hovudkontoret ligg i Ås kommune i Akershus.

Bioforsk Økologisk har nasjonalt ansvar for - og landets fremste kompetanse på - økologisk landbruk. Bioforsk Økologisk har 35 medarbeidarar og er lokalisert til Tingvoll på Nordmøre.

Bioforsk Økologisk søker:

Rådgjevar innanfor økologisk hagebruk

Ved Bioforsk Økologisk er det ledig ei fast heiltidsstilling som rådgjevar innanfor fagområdet økologisk hagebruk (yrkeshage, småhage og skulehage). Den som vert tilsett skal vere med og utvikle og koordinere rettleiings- og formidlingsprosjekt i samarbeid med aktørar frå næring, forvalting og andre forskingsinstitusjonar. Kontorstad er Tingvoll.

Arbeidsoppgåver

• Prosjektleiing, prosjektarbeid og prosjektutvikling

• Nettverksbygging, nasjonalt og internasjonalt

• Formidling, rettleiing og publisering

Vi stiller krav om

• 5-årig utdanning frå høgskule eller universitet

• Gode kunnskapar i norsk (eller anna skandinavisk språk) og engelsk, munnleg og skriftleg

• Erfaring med prosjektarbeid/ forvaltning og publisering vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

• Initiativrik og kreativ i høve til å sjå gode, faglege problemstillingar

• Evne til å utvikle idear for prosjektkonsept og søknadar

• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

• Kan jobbe både sjølvstendig og saman med andre

• Høg arbeidskapasitet

Vi tilbyr

• Eit godt fagmiljø som er forankra både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, interessante arbeidsoppgåver og arbeid som gjev god fagleg utvikling

• Arbeid med demonstrasjonshage i lag med andre innanfor same fagområde

• Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ som rådgjevar, kode 1434, lønnstrinn 49-58 (NOK 390.600 – 456.400)

• Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, dessutan tilbod om bustadlån til gunstig rente.

 

Generelle opplysningar

• Staten legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

• Bioforsk er ei IA (inkluderande arbeidsliv) -verksemd.

• Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verta gjort kjent offentleg, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan oppmoda om å verta unnateken frå oppføring på offentleg søkjarliste. Ved vurdering om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

Søknad med CV skal sendast elektronisk via ei lenkje på denne sida.

Vitnemål og attestar kan takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.

Arbeidsstad: Tingvoll, Noreg

Fylke: Møre og Romsdal

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dagtid

Søknadsfrist: 1. mars 2011

Kontaktpersonar: Atle Wibe, tlf: +47 40 48 00 87

Send søknad http://bioforsk.easycruit.com/vacancy/511904/53236?iso=no

www.bioforsk.no


Fréttir og tilkynningar

26. Janúar 2016

Kynning á tćkifćrum og styrkjum í Evrópusamstarfi

Kynning á tækifærum og styrkjum í Evrópusamstarfi, fimmtudaginn 28. janúar 2016.

7. Maí 2015

Ertu ađ flytja til Noregs, Danmerkur eđa Svíţjóđar ?

Norræna félagið í samstarfi við Halló Norðurlönd og EURES - evrópska vinnumiðlun standa fyrir upplýsingafundum um flutning til Noregs, Svíþjóðar og Danmerkur.


Athyglinni beint ađ

EURES ađstođar ţýska atvinnuleitendur viđ ađ finna ný tćkifćri úti á landsbyggđinni í Sviss

Á hverju ári nćst ekki ađ ráđa í fjölmörg laus störf innan ferđamannaiđnađarins – héđan í frá mun nýtt samstarf veita ţýskum atvinnuleitendum kost á ađ komast í samband viđ nýja atvinnuveitendur, međ ađstođ EURES.
Texti ritstýrđur síđast: 12/2010

EURES í Eistlandi – ađ mynda samstarf til ađ vernda réttindi atvinnuleitenda

EURES í Eistlandi og áhugahópurinn MTÜ Living for Tomorrow hafa hafiđ samstarf til ađ vernda atvinnuleitendur, sem huga á starf erlendis, gegn sviksamlegum og hrottafengnum atvinnuveitendum.
Texti ritstýrđur síđast: 11/2010

Hvernig tungumálanám getur leitt til nýrra tćkifćra

Yfirstandandi samstarf milli EURES í sćnskumćlandi Álandseyjum og tungumálaskóla í Ţýskalandi er ađ gera faglćrđum, atvinnulausum ţýskum atvinnuleitendum kleift ađ öđlast hagnýta reynslu á fallegum stađ.
Texti ritstýrđur síđast: 11/2010

Stjórnborđ

Minnka letur Stćkka letur Hamur fyrir sjónskerta
In English