Beint á leiđarkerfi vefsins
Fara á forsíđu EURES

Laus störf

28.2.2011

PhD-Stipendiat-plantehelse

Bioforsk Vest Fureneset

+47 40 60 41 00

post@bioforsk.no

www.bioforsk.no

Företaget vill ikke bli kontaktad av bemanningsföretag

Bioforsk er eit landsdekkande forskingsinstitutt med hovudfokus på trygg matproduksjon, reint miljø og auka verdiskaping. Instituttet legg vekt på ei langsiktig ressursforvalting, internasjonalisering og brei kontakt med brukarar og kundar. Bioforsk er til stades i alle landsdelar med om lag 460 medarbeidarar. Hovudkontoret ligg i Ås kommune i Akershus.

Bioforsk Vest Fureneset fagsenter i Fjaler skal arbeide med forsking og næringsutvikling med vektlegging av biologisk produksjon, med hovudvekt på grovfôrdyrking, beitebruk, kulturlandskap, miljøspørsmål og rådgjeving. Ein del av arbeidsoppgåvene føregår i nært samarbeid med næring og forvalting i fylka på Vestlandet, kanalisert gjennom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Bioforsk Vest Fureneset har 12 medarbeidarar.

Bioforsk Vest Fureneset har frå 01.05.2011, eller snarast mogeleg etter denne dato, ledig eit 3-års engasjement som dr.gradstipendiat innan plantehelse, med siv som forskingsoppgåve.

Arbeidsområde vert forskingsarbeid på NFR-prosjektet ”Lyssiv og knappsiv på Vestlandet – kontrolltiltak frå ny biologisk kunnskap”, leia av Bioforsk plantehelse.

Til stillinga søkjer vi medarbeidar med

• Høgare landbruksutdanning eller anna relevant universitetsutdanning

• Fagleg fordjuping innanfor jord- og plantekultur, og/eller plantehelse/plantevern, plantefysiologi, botanikk

• Interesse for fagleg fordjuping innan oppgjeve emne

• Praksis frå forsking, rådgjevings- og/eller utviklingsarbeid er ein fordel

• Gode samarbeidsevner og som kan arbeide sjølvstendig, utoverretta og målretta

• God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk/skandinavisk

Vi tilbyr

• Interessante oppgåver innanfor forsking, der planar og opplegg er lagt for eit dr.gradsstudie

• Stillinga vert løna i det statlege lønnsregulativet som stipendiat kode 1017 i lønsramme 20.8, lønssteg 48-56 (NOK 383.900 - 440.700 pr. år). Løna vert vurdert etter utdanning og praksis.

• Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, dessutan tilbod om bustadlån til gunstig rente.

• Stillinga er meint som ei rekrutteringsstilling etter endt dr.gradsutdanning

Generelle opplysningar

• Staten legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

• Bioforsk er ei IA (inkluderande arbeidsliv) -verksemd.

• Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verta gjort kjent offentleg, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan oppmoda om å verta unnateken frå oppføring på offentleg søkjarliste. Ved vurdering om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

Søknad: Elektronisk søknadsskjema fyllast ut frå vår heimeside, www.bioforsk.no - under ”Ledige stillingar”.

Her finn du også oversikt over andre utlyste stillingar i Bioforsk.

Vitnemål og attestar kan takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.

 

 

Arbetsplats/ort: Fjaler, Sogn og Fjordane fylke, Noreg

Arbetstider: Heiltid

Varaktighet: 3-årig stipendiatstilling

Sista ansökningsdag: 21. mars 2011

Dagtid

Lön: NOK 383.900 – 440.700


Fréttir og tilkynningar

26. Janúar 2016

Kynning á tćkifćrum og styrkjum í Evrópusamstarfi

Kynning á tækifærum og styrkjum í Evrópusamstarfi, fimmtudaginn 28. janúar 2016.

7. Maí 2015

Ertu ađ flytja til Noregs, Danmerkur eđa Svíţjóđar ?

Norræna félagið í samstarfi við Halló Norðurlönd og EURES - evrópska vinnumiðlun standa fyrir upplýsingafundum um flutning til Noregs, Svíþjóðar og Danmerkur.


Athyglinni beint ađ

EURES ađstođar ţýska atvinnuleitendur viđ ađ finna ný tćkifćri úti á landsbyggđinni í Sviss

Á hverju ári nćst ekki ađ ráđa í fjölmörg laus störf innan ferđamannaiđnađarins – héđan í frá mun nýtt samstarf veita ţýskum atvinnuleitendum kost á ađ komast í samband viđ nýja atvinnuveitendur, međ ađstođ EURES.
Texti ritstýrđur síđast: 12/2010

EURES í Eistlandi – ađ mynda samstarf til ađ vernda réttindi atvinnuleitenda

EURES í Eistlandi og áhugahópurinn MTÜ Living for Tomorrow hafa hafiđ samstarf til ađ vernda atvinnuleitendur, sem huga á starf erlendis, gegn sviksamlegum og hrottafengnum atvinnuveitendum.
Texti ritstýrđur síđast: 11/2010

Hvernig tungumálanám getur leitt til nýrra tćkifćra

Yfirstandandi samstarf milli EURES í sćnskumćlandi Álandseyjum og tungumálaskóla í Ţýskalandi er ađ gera faglćrđum, atvinnulausum ţýskum atvinnuleitendum kleift ađ öđlast hagnýta reynslu á fallegum stađ.
Texti ritstýrđur síđast: 11/2010

Stjórnborđ

Minnka letur Stćkka letur Hamur fyrir sjónskerta
In English