Beint á leiđarkerfi vefsins
Fara á forsíđu EURES

Laus störf

2.3.2011

Driftsleiar/rĺdgjevar

Bioforsk er eit landsdekkande forskingsinstitutt med hovudfokus på trygg matproduksjon, reint miljø og auka verdiskaping. Instituttet legg vekt på ei langsiktig ressursforvalting, internasjonalisering og brei kontakt med brukarar og kundar. Bioforsk er til stades i alle landsdelar med om lag 460 medarbeidarar. Hovudkontoret ligg i Ås kommune i Akershus.

Bioforsk Ullensvang i Hardanger har nasjonalt ansvar for FoU innan frukt. Viktige forskingsaktivitetar er mellom anna dyrking og dyrkingssystem, kvalitet og plantevern for frukt og bær. Det vert også arbeidd med økologiske dyrkingssystem og småskalaproduksjon.

Bioforsk Ullensvang søker:

Driftsleiar/rådgjevar

Driftsleiaren er ansvarleg for gardsdrifta, bygningane og maskinparken. Driftsleiaren er arbeidsleiar for det tekniske personalet og bindeledd mellom forskarar og teknikarar. I vekstsesongen vil arbeidet primært vera i frukt- og bærfelta, medan det i vinterhalvåret vil vera andre prosjektrelaterte oppgåver.

Me stiller krav om:

• Kompetanse innan gardsdrift med bruk av landbruksmaskiner, landbrukseigendomar og økonomi/administrasjon

• Kompetanse i moderne frukt- og bærdyrking

• Leiarerfaring

• Utdanning som gartnar/agronom og relevant yrkespraksis, gjerne med bachelor eller mastergrad

• Gode norsk (skandinavisk)- og engelskkunnskapar

• Gode kunnskapar innan teksthandsaming, rekneark og presentasjonsverktøy

Personlege eigenskapar:

• God kommunikasjonsevne og evne til å motivera medarbeidarar

• Resultatorientert og evne til å ta avgjerder

• Open, initiativrik og har vilje og evne til å ta ansvar

• Arbeider godt saman med andre, men kan også arbeida sjølvstendig

• Høg arbeidskapasitet og vilje til å ta eit ekstra tak

Me tilbyr:

• Eit godt fagmiljø som er forankra både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, interessante arbeidsoppgåver, moderne forskingsfasilitetar og arbeid som gjev god fagleg utvikling.

• Stillinga vert løna i statleg regulativ som driftsleiar, kode 1137, lønssteg 42-54 (NOK 348.600 - 425.800) eller rådgjevar, kode 1434, lønssteg 45-55 (NOK 365.300 - 433.400) avhengig av utdanning og praksis.

• Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, dessutan tilbod om bustadlån til gunstig rente.

Generelle opplysingar:

• Me gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verta gjort kjent offentleg, jf. Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan oppmoda om å verta unnateken frå oppføring på offentleg søkjarliste. Ved vurdering om ei slik oppmoding skal takast til fylgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særlege offentlege interesser til stillinga. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Søknad: Elektronisk søknadsskjema fyllast ut frå vår heimeside, www.bioforsk.no - under ”Ledige stillingar”.

Her finn du også oversikt over andre utlyste stillingar i Bioforsk.

Vitnemål og attestar kan takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.

 

Arbeidsstad: Bioforsk Ullensvang, Hordaland fylke, Noreg

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dagtid

Søknadsfrist: 1. april 2011

Kontaktperson: Mekjell Meland, tlf: +47 906 28 538

Heimeside: www.bioforsk.no


Fréttir og tilkynningar

26. Janúar 2016

Kynning á tćkifćrum og styrkjum í Evrópusamstarfi

Kynning á tækifærum og styrkjum í Evrópusamstarfi, fimmtudaginn 28. janúar 2016.

7. Maí 2015

Ertu ađ flytja til Noregs, Danmerkur eđa Svíţjóđar ?

Norræna félagið í samstarfi við Halló Norðurlönd og EURES - evrópska vinnumiðlun standa fyrir upplýsingafundum um flutning til Noregs, Svíþjóðar og Danmerkur.


Athyglinni beint ađ

EURES ađstođar ţýska atvinnuleitendur viđ ađ finna ný tćkifćri úti á landsbyggđinni í Sviss

Á hverju ári nćst ekki ađ ráđa í fjölmörg laus störf innan ferđamannaiđnađarins – héđan í frá mun nýtt samstarf veita ţýskum atvinnuleitendum kost á ađ komast í samband viđ nýja atvinnuveitendur, međ ađstođ EURES.
Texti ritstýrđur síđast: 12/2010

EURES í Eistlandi – ađ mynda samstarf til ađ vernda réttindi atvinnuleitenda

EURES í Eistlandi og áhugahópurinn MTÜ Living for Tomorrow hafa hafiđ samstarf til ađ vernda atvinnuleitendur, sem huga á starf erlendis, gegn sviksamlegum og hrottafengnum atvinnuveitendum.
Texti ritstýrđur síđast: 11/2010

Hvernig tungumálanám getur leitt til nýrra tćkifćra

Yfirstandandi samstarf milli EURES í sćnskumćlandi Álandseyjum og tungumálaskóla í Ţýskalandi er ađ gera faglćrđum, atvinnulausum ţýskum atvinnuleitendum kleift ađ öđlast hagnýta reynslu á fallegum stađ.
Texti ritstýrđur síđast: 11/2010

Stjórnborđ

Minnka letur Stćkka letur Hamur fyrir sjónskerta
In English