Beint á leiđarkerfi vefsins
Fara á forsíđu EURES

Laus störf

25.1.2012

Avdelingsleiar for Bioforsk Ullensvang

Bioforsk er eit landsdekkande forskingsinstitutt med hovudfokus på trygg matproduksjon, reint miljø og auka verdiskaping. Instituttet legg vekt på ei langsiktig ressursforvalting, internasjonalisering og brei kontakt med brukarar og kundar. Bioforsk er til stades i alle landsdelar med om lag 460 medarbeidarar. Hovudkontoret ligg i Ås kommune i Akershus.

Bioforsk søkjer:

Avdelingsleiar for Bioforsk Ullensvang

Bioforsk Ullensvang i Hardanger har nasjonalt ansvar for FoU innan frukt. Viktige forskingsaktivitetar er mellom anna dyrking og dyrkingssystem, kvalitet og plantevern for frukt og bær, inkludert økologiske og integrerte dyrkingssystem.

Vi søkjer avdelingsleiar i fast heiltidsstilling til Bioforsk Ullensvang. I stillinga ligg det daglege leiaransvaret, både fagleg og administrativt. Avdelinga har for tida 14 stillingar. Eigen forskingsaktivitet er lagt til ein del av stillinga. Stillinga ligg for tida administrativt direkte under Bioforsk Leiing og administrasjon (hovudkontoret).

Du vil få viktige oppgåver med og vidareutvikla Bioforsk sin nasjonale posisjon som kunnskapsleverandør for frukt og bærnæringa i Noreg. Du må derfor ha interesse for og evne til å arbeida tett saman med ulike aktørar innan næringa og innanfor biologisk forsking. Ei viktig utfordring er å utvikle nettverk mot institusjonar med tilgrensande fagfelt. Vi ønskjer deg velkomen til eit godt fagmiljø som er forankra både regionalt, nasjonalt og internasjonalt og som kan tilby interessante arbeidsoppgåver, moderne forskingsfasilitetar og arbeid som både gjev god fagleg utvikling og er utfordrande.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein person med solid kompetanse og fagleg innsikt i biologiske fag. Du må ha gode leiareigenskapar, ha leiarerfaring, vera resultatorientert og strategisk og kunne samarbeida godt med interne og eksterne aktørar. Du må kunne kommunisera godt på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg. Du må ha relevant utdanning på doktorgradsnivå eller tilsvarende. Anna relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.

Løn og pensjon

• Stillinga vert løna i det statlege lønnsregulativet som avdelingsleiar kode 1407, lønssteg 64-74 (NOK 519.000 - 626.000 pr. år). Løna vert vurdert etter utdanning og praksis.

• Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, dessutan tilbod om bustadlån til gunstig rente.

Generelle opplysningar

• Me gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verta gjort kjent offentleg, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan oppmoda om å verta unnateken frå oppføring på offentleg søkjarliste. Ved vurdering om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktpersonar: Administrerande direktør Harald Lossius

tlf: 916 06 297

Personaldirektør Grete Lindseth

tlf: 977 28 786

Søknad: Elektronisk søknadsskjema fylles fra vår hjemmeside, www.bioforsk.no - under ”Ledige stillingar”.

Her finner du også oversikt over andre utlyste stillinger i Bioforsk.

Vitnemål og attester tas med ved et eventuelt intervju, eller legges ved elektronisk.

Eller benytt den lenken direkte: http://bioforsk.easycruit.com/vacancy/659589/52877?iso=no

Arbeidssted: Lofthus i Hardanger, Hordaland fylke, Noreg

Jobbtype: fast

Heltid/Deltid: Heltid

Arbeidstid: Dagtid

Søknadsfrist: 1. mars 2012

Tiltredelse: etter avtale


Fréttir og tilkynningar

26. Janúar 2016

Kynning á tćkifćrum og styrkjum í Evrópusamstarfi

Kynning á tækifærum og styrkjum í Evrópusamstarfi, fimmtudaginn 28. janúar 2016.

7. Maí 2015

Ertu ađ flytja til Noregs, Danmerkur eđa Svíţjóđar ?

Norræna félagið í samstarfi við Halló Norðurlönd og EURES - evrópska vinnumiðlun standa fyrir upplýsingafundum um flutning til Noregs, Svíþjóðar og Danmerkur.


Athyglinni beint ađ

EURES ađstođar ţýska atvinnuleitendur viđ ađ finna ný tćkifćri úti á landsbyggđinni í Sviss

Á hverju ári nćst ekki ađ ráđa í fjölmörg laus störf innan ferđamannaiđnađarins – héđan í frá mun nýtt samstarf veita ţýskum atvinnuleitendum kost á ađ komast í samband viđ nýja atvinnuveitendur, međ ađstođ EURES.
Texti ritstýrđur síđast: 12/2010

EURES í Eistlandi – ađ mynda samstarf til ađ vernda réttindi atvinnuleitenda

EURES í Eistlandi og áhugahópurinn MTÜ Living for Tomorrow hafa hafiđ samstarf til ađ vernda atvinnuleitendur, sem huga á starf erlendis, gegn sviksamlegum og hrottafengnum atvinnuveitendum.
Texti ritstýrđur síđast: 11/2010

Hvernig tungumálanám getur leitt til nýrra tćkifćra

Yfirstandandi samstarf milli EURES í sćnskumćlandi Álandseyjum og tungumálaskóla í Ţýskalandi er ađ gera faglćrđum, atvinnulausum ţýskum atvinnuleitendum kleift ađ öđlast hagnýta reynslu á fallegum stađ.
Texti ritstýrđur síđast: 11/2010

Stjórnborđ

Minnka letur Stćkka letur Hamur fyrir sjónskerta
In English