Beint á leiđarkerfi vefsins
Fara á forsíđu EURES

Laus störf

4.2.2014

Fřrsteamanuensis i naturfag/naturfagdidaktikk

Universitetet i Stavanger

4036 STAVANGER
Web:www.uis.no

Universitetet i Stavanger (UiS) har ca 9200 studentar og 1300 tilsette og driv forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid og formidling over eit breitt spekter av fagområde. Studietilbodet spenner frå utdanningar på bachelor- og mastergradsnivå til doktorgradsutdanningar og etter- og vidareutdanningstilbod. Universitetet eig 50 % i International Research Institute of Stavanger (IRIS) som er universitets selskap for eksternt finansiert forsking.
Den faglege verksemda ved universitetet er organisert i Det humanistiske fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultet, Det teknisk-naturvitskaplege fakultet og Arkeologisk museum

Det humanistiske fakultetet er organisert i 4 institutt og to sentre: Institutt for musikk og dans., Institutt for barnehagelærarutdanning, Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk, Institutt for kultur og språkvitskap, Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) og Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking.
Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk har ca 55 vitskaplege tilsette og ca 700 studentar. Instituttet tilbyr studieprogram i grunnskolelærarutdanning for 1. til 7. trinn (GLU1) og grunnskolelærarutdanning for 5. til 10. trinn (GLU2), årseining og bachelor i idrett, årseining i drama og kunst og handverk, samt mastergrad i utdanningsvitskap med fagprofil i idrett/kroppsøving, norskdidaktikk, matematikkdidaktikk, og spesialpedagogikk, samt PhD i Utdanningsvitskap. I tillegg har instituttet vidareutdanning i engelsk, vidareutdanning av rettleiarar for nyutdanna lærarar, og for praksislærarar, og samarbeid med skoler og skoleeigarar

Førsteamanuensis i naturfag/naturfagdidaktikk

Vil du bli med å vidareutvikle vårt populære valfag i naturfag? Vi har i dag naturfag 1 og 2 som valfag i grunnskolelærarutdanningane ved Universitetet i Stavanger, og søkar ein drivande og fleksibel person som ynskjer å bidra i den vidare utviklinga av tilbodet.
Fagområdet for stillinga er naturfag/naturfagdidaktikk, innan eit eller fleire av naturfaga kjemi, biologi og/eller fysikk.

Arbeidsoppgåvene vil vere forsking, rettleiing, praktisk og teoretisk undervisning og eksamensarbeid relatert til det aktuelle fagområdet, samt administrative oppgåver.

Kompetansekrav: Den som blir tilsett må ha utdanning på doktorgradsnivå eller ha tilsvarande kompetanse innanfor fagområdet.
Det er ønskeleg at den som blir tilsett har doktorgrad innan fortrinnsvis kjemi, men også biologi (særlig botanikk eller økologi) eller fysikk kan være relevant.
Det er vidare ønskeleg at den som blir tilsett har kompetanse innan naturfagdidaktikk og har undervisningserfaring frå høgskole- eller universitet, og/eller frå grunnskole eller vidaregåande skole.
Faggruppa si forsking dreiar seg blant anna om lærarar sin undervisningskunnskap knytt til naturfag. Den som blir tilsett får satt av tid til forsking, og faggruppa ønskjer nye så vel som kjende forskingstema inn i gruppa.
Forsking- og undervisningsoppgåvene vil bli tilpassa kompetansen til den som blir tilsett.
Den som blir tilsett må også kunne dokumentere pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning, eller ta imot tilbod om universitetspedagogisk kurs i løpet av ein periode på to år frå tiltreding. Søknaden bør innehalde en refleksjon over egen undervisningskompetanse.

Bruk av varierte undervisningsmetodar er et satsingsområde ved universitetet. Den som blir tilsett må være innstilt på å ta i bruk ulike metodar og ulike digitale verktøy.
Førsteamanuensis skal det første året delta på NyTi, som er universitetets rettleiings- og integreringsprogram for nytilsette som skal undervise.
Undervisningsspråket vil normalt vere norsk. Den som blir tilsett, må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk skriftleg og munnleg, eller tileigne seg denne kompetansen i løpet av ein periode på to år. Den som blir tilsett, må òg vere førebudd på å gje undervisning på engelsk.

Arbeidssted/Arbeidstid: Tilsetting gjeld generelt ved Universitetet i Stavanger. Organisatorisk er stillinga knytt til Det humanistiske fakultet, Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk. Stavanger.
Heltid, dagtid.
Startdato: 01.08.2014
Lønn: Stillinga blir lønna etter statens lønnsregulativ, l.pl.17.510, kode 1011/1198, LR24, ltr 58-69, kr 481.900-590.000bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert.

Hvordan søke? For fullstendig utlysning, se www.uis.no/ledige-stillinger

Kontaktperson: instituttleiar Elin Thuen, 51 83 29 24, elin.thuen@uis.no

Fréttir og tilkynningar

26. Janúar 2016

Kynning á tćkifćrum og styrkjum í Evrópusamstarfi

Kynning á tækifærum og styrkjum í Evrópusamstarfi, fimmtudaginn 28. janúar 2016.

7. Maí 2015

Ertu ađ flytja til Noregs, Danmerkur eđa Svíţjóđar ?

Norræna félagið í samstarfi við Halló Norðurlönd og EURES - evrópska vinnumiðlun standa fyrir upplýsingafundum um flutning til Noregs, Svíþjóðar og Danmerkur.


Athyglinni beint ađ

EURES ađstođar ţýska atvinnuleitendur viđ ađ finna ný tćkifćri úti á landsbyggđinni í Sviss

Á hverju ári nćst ekki ađ ráđa í fjölmörg laus störf innan ferđamannaiđnađarins – héđan í frá mun nýtt samstarf veita ţýskum atvinnuleitendum kost á ađ komast í samband viđ nýja atvinnuveitendur, međ ađstođ EURES.
Texti ritstýrđur síđast: 12/2010

EURES í Eistlandi – ađ mynda samstarf til ađ vernda réttindi atvinnuleitenda

EURES í Eistlandi og áhugahópurinn MTÜ Living for Tomorrow hafa hafiđ samstarf til ađ vernda atvinnuleitendur, sem huga á starf erlendis, gegn sviksamlegum og hrottafengnum atvinnuveitendum.
Texti ritstýrđur síđast: 11/2010

Hvernig tungumálanám getur leitt til nýrra tćkifćra

Yfirstandandi samstarf milli EURES í sćnskumćlandi Álandseyjum og tungumálaskóla í Ţýskalandi er ađ gera faglćrđum, atvinnulausum ţýskum atvinnuleitendum kleift ađ öđlast hagnýta reynslu á fallegum stađ.
Texti ritstýrđur síđast: 11/2010

Stjórnborđ

Minnka letur Stćkka letur Hamur fyrir sjónskerta
In English