Beint á leiđarkerfi vefsins
Fara á forsíđu EURES

Laus störf

6.2.2015

Sjukepleiar - sommarvikar (ref.nr. 2660742824)

Odda sjukehus

5751 ODDA

I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Vi behandlar årleg nærare 230.000 pasientar og har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen. I tillegg til dette har vi fire DPS, samt elleve ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Sjukepleiar - sommarvikar (ref.nr. 2660742824)

Sjukepleiar - sommarvikar ved Odda sjukehus - Felles intensiv Odda

Felles intensiv/overvåkningseininga og Medisinsk sengepost ved Odda sjukehus har ledig sommarvikariat som sjukepleierar. Felles intensiv/OVA har totalt 9 senger - 5 overvåkningssenger og 4 kirurgiske senger. Felles intensiv/OVA har akuttmottak i avdelinga og betening av interkommunal legevaktssentral.
Medisinsk sengepost har 7 senger, i tillegg dialyseverksemd og interkommunale ØH-senger.

Einingane er trivelege arbeidsplassar med aktivt miljø og varierte arbeidsoppgåver.
For meir informasjon, ta kontakt med funksjonsleierar på einingane

Velkommen til Odda!
Odda er ein kulturby med naturskjøne omgivnader. Det er moglegheiter for mange ulike aktivitetar året rundt: Turar i fjellet, toppturar, Trolltunga og klatring i Via Ferrata, og sommarskisenter i Jondal. Kulturlivet er rikt og variert, som til dømes Litteratursymposiet, Hardanger musikkfestival, NM i morellspytting og blueshelg.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleieoppgåver


Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Minimum 2 års erfaring som sjukepleiar med erfaring innan intensiv/overvaking


Utdanningsretning

  • Sjukepleie


Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag


Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Tilpasningsdyktig
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient


Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling



Arbeidssted:
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Kontaktinfo:
Kari Marie Tjelmeland, Funksjonsleiar pleie Odda, 53651146
Ingunn-Olin Haugen, Seksjonsleiar somatikk Odda, 53651120
Tatjana Kramler, Funksjonsleiar pleie Odda, 53651151

Nøkkelinformasjon:
Annonsør: Helse Fonna
Ref. nr.: 2660742824
Vikariat
Startdato: 06.07.2015
Sluttdato: 16.08.2015
Tal på stillingar: 1
For elektronisk søknadsskjema: https://www.webcruiter.no/WcMain2/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=2660742824&link_source_id=17&company_id=1099408055&culture_id=NN-NO

Arbeidssted: Odda

Type stilling:

Vikar, Feriejobb

Antall stillinger:

1

Søknadsfrist:

14.06.2015


Fréttir og tilkynningar

26. Janúar 2016

Kynning á tćkifćrum og styrkjum í Evrópusamstarfi

Kynning á tækifærum og styrkjum í Evrópusamstarfi, fimmtudaginn 28. janúar 2016.

7. Maí 2015

Ertu ađ flytja til Noregs, Danmerkur eđa Svíţjóđar ?

Norræna félagið í samstarfi við Halló Norðurlönd og EURES - evrópska vinnumiðlun standa fyrir upplýsingafundum um flutning til Noregs, Svíþjóðar og Danmerkur.


Athyglinni beint ađ

EURES ađstođar ţýska atvinnuleitendur viđ ađ finna ný tćkifćri úti á landsbyggđinni í Sviss

Á hverju ári nćst ekki ađ ráđa í fjölmörg laus störf innan ferđamannaiđnađarins – héđan í frá mun nýtt samstarf veita ţýskum atvinnuleitendum kost á ađ komast í samband viđ nýja atvinnuveitendur, međ ađstođ EURES.
Texti ritstýrđur síđast: 12/2010

EURES í Eistlandi – ađ mynda samstarf til ađ vernda réttindi atvinnuleitenda

EURES í Eistlandi og áhugahópurinn MTÜ Living for Tomorrow hafa hafiđ samstarf til ađ vernda atvinnuleitendur, sem huga á starf erlendis, gegn sviksamlegum og hrottafengnum atvinnuveitendum.
Texti ritstýrđur síđast: 11/2010

Hvernig tungumálanám getur leitt til nýrra tćkifćra

Yfirstandandi samstarf milli EURES í sćnskumćlandi Álandseyjum og tungumálaskóla í Ţýskalandi er ađ gera faglćrđum, atvinnulausum ţýskum atvinnuleitendum kleift ađ öđlast hagnýta reynslu á fallegum stađ.
Texti ritstýrđur síđast: 11/2010

Stjórnborđ

Minnka letur Stćkka letur Hamur fyrir sjónskerta
In English